Kreft i skjoldbruskkjertelen rammar også unge kvinner og menn. Spørsmål om graviditet og det å bli foreldre er derfor aktuelt for ganske mange. Sidan prognosen for kreft i skjoldbruskkjertelen er så god, er sjukdommen ikkje til hinder for å bli forelder etter at behandlinga er avslutta.
Ved nyoppdaga skjoldbruskkjertelkreft anbefaler vi kvinnene med å vente med å bli gravide til all behandling er avslutta, både operasjon og eventuelle behandlingar etterpå.
Radioaktivt jod MÅ IKKJE bli gitt til ei gravid kvinne, for då vil skjoldbruskkjertelen hos barnet bli øydelagt, og det er også risiko for generell fosterskade. Etter radiojodbehandling anbefaler vi at det skal gå minst 4 månader før kvinna blir gravid, og at ho er velregulert på tyroksin, noko som ofte tar 6 månader.
Ei kvinne som er ferdigbehandla, og som bruker tyroksin, må seie frå til legen sin så snart ho er blitt gravid. Som oftast er det nødvendig å auke tyroksindosen under svangerskapet. For mykje eller for lite tyroksin kan vere uheldig både for mor og for barn. Det er derfor viktig å bli følgt opp av ein spesialist gjennom heile svangerskapet. Etter fødsel er det også viktig å justere tyroksindosen. Sjølv om du bruker tyroksin, kan barnet bli amma. Verken heilkroppsscintigrafi, måling av tyreoideaglobulin i hypotyreot fase etter seponering av tyroksin eller med stimulering av Thyrogen® skal bli gjort hos gravide eller ammande. Graviditet må vere utelukka før desse undersøkingane blir gjort.
Menn som har fått behandling med radioaktivt jod, må ikkje befrukte ei kvinne før det har gått minst 4 månader sidan siste behandling med radioaktivt jod. Tyroksinbehandlinga påverkar ikkje sædcellene.