Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Døgnbehandling, psykisk helsevern

Døgnbehandling (innleggelse) kan brukes i perioder med behov for kontinuerlig oppfølging. Forskjellen mellom døgnbehandling og poliklinisk behandling (behandling uten innleggelse), er at døgnbehandling mer intensivt, med mer omfattende og konsentrerte hjelpetiltak. Målet er å gi deg kontroll over symptomene så raskt som mulig.

Før

Innlegging til døgnbehandling skjer på tre måtar:
  • planlagt innlegging
  • øyeblikkeleg hjelp
  • under tvang.

Planlagt innlegging

Fastlegen eller den polikliniske behandlaren din i spesialisthelsetenesta søker om innlegging på vegner av deg. Du blir så innkalla til eit formøte med behandlar. Saman går de gjennom kva slags behandling som er best for deg. Dersom innlegging blir vurdert som aktuelt for deg, vil du få det du treng av praktisk informasjon for å førebu deg til opphaldet.

Øyeblikkeleg hjelp

Ved alvorlege symptom som kjem plutseleg eller over tid kan det vere aktuelt med akutt innlegging. Det er fastlegen, legevakt eller poliklinisk behandlar som vurderer om det er behov for dette. Den endelege avgjerda skjer på sjukehuset. Akutte innleggingar kan skje heile døgnet. 

Tvang

Ved alvorlege lidingar kan du bli innlagt ved ei døgnavdeling i psykisk helsevern mot eigen vilje (tvungent psykisk helsevern). Tvungent psykisk helsevern er regulert gjennom Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven).

Under

Behandlinga som blir tilbydd ved ein døgnpost i psykisk helsevern, er stort sett den same som ved poliklinisk behandling (behandling utan innlegging).
 
Fordelar ved døgnbehandling er at hjelpetilbodet kan vere omfattande med konsentrert innsats. Du får oppfølging heile døgnet og du får trygge rammer rundt deg.

Kor lenge varer behandlinga?

Kor lenge du har behov for døgnbehandling, blir fortløpande diskutert mellom ansvarleg behandlar og deg. Ved frivillig innlegging kan du sjølv velje å skrive deg ut. Ved tvungent psykisk helsevern er det spesialist i psykiatri eller psykologspesialist som bestemmer når du er klar til å bli skrive ut. Likevel vil du vere med på å vurdere lengda av behandlinga.


 

Etter

Kva slags oppfølging du treng etter utskrivingar er avhengig av kor alvorlege symptom og/eller hjelpebehov du har. I løpet av døgnbehandlinga blir det bestemt kva slags oppfølging du treng vidare.  

Nokon har ikkje behov for vidare oppfølging, mens andre har behov for poliklinisk oppfølging i spesialisthelsetenesta eller oppfølging frå fastlege eller kommunehelsetenesta.

Sist faglig oppdatert 10.01.2026

Kontakt