Du vil få beskjed av behandlande lege og sjukepleiar om kva som er viktig å hugse på før operasjonen. Det er særleg viktig at du informerer dei som skal behandle deg om kva medikament du vanlegvis bruker. Du vil da få beskjed om kva medikament du ikkje kan ta før operasjonen. Dette gjeld særleg blodfortynnande medisinar.
Operasjonen skjer i narkose og derfor er det nødvendig å faste i timane før operasjonen. Dette betyr ingen inntak av mat, snus/røyk eller pastillar etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Du kan vanlegvis drikke klare væsker som vatn inntil 2 timar før operasjonen.
Det er viktig med god hygiene før operasjonen. Du vil få instruksjon om dette ved avdelinga der du blir behandla.